Не ви допада? Няма проблеми! Можете да върнете стоките до 30 дни
Няма да сбъркате с подаръчен ваучер. Получателят може да избере нещо от нашия асортимент с подаръчен ваучер.
До 30 дни за връщане на стоки
Det er sommar, sola skin, og festivalen er like rundt svingen. Øya viser seg frå si beste side med nypynta hagar, tente grillar og smil i alle retningar. Men under glansen ligg gamle sår som aldri fekk gro.
På 70 og 80 talet vaks Selma opp på Gudeøya, ei tid der skam og tausheit knebla både born og vaksne. Ho bar på ein smerte dei vaksne såg, men med vilje ignorerte. Ho vart aldri høyrt og ho var ikkje den einaste. Ho såg samfunnet, korrupsjonen og fanatismen for det dei var. Og det kosta ho alt.
I vår eiga tid kjem dei som flytta attende til øya. Dei som aldri drog, får føle på nye impulsar, medan dei som drøymer om fridom, fellesskap og kjærleik samstundes må leve med den usynlege byrda av ei fortid som aldri heilt slepp taket. Den heng i lufta - som ei lukt av regn på varm asfalt.
Gudeøya Kallar er ei forteljing om fest og flukt, traume og tilhøyrsle. Med humor og varme, men også med djupt alvor, skildrar boka eit lite øysamfunn der håpet om å finne eit fellesskap som ikkje sviktar, framleis er like relevant den dag i dag.
Здравейте! Аз съм Libroamiko, вашият книжен съветник.
Как мога да ви помогна?